LEDIGE STILLINGAR

Sesongarbeid i naturbasert reiseliv på Norsk Natursenter Hardanger

Vil du jobbe på eit opplevingssenter for norsk natur, klima og miljø og eit av dei mest besøkte menneskeskapte attraksjonane i Hardangerfjorden?

Vi søkjer resepsjonistar til Norsk Natursenter Hardanger for sesongen mai til september og juni til august 2026. Opplys mogleg start og slutt dato i søknaden.

Stillingstittel

Resepsjonist

Oppstart

Etter avtale

Type ansettelse

Sesong, heltid 100%

Arbeidstid

Vakt, dagtid, alle dager

Arbeidsspråk

Skandinavisk og engelsk, gjerne tysk

Antall stillinger

2


Vi søker deg med følgende egenskaper

· Gode formidlings- og kommunikasjonsevner

· Jobbar godt sjølvstendig, men også med andre

· Fleksibel i forhold til arbeidsoppgåver og arbeidstid

· Trivst i eit hektisk og internasjonalt arbeidsmiljø

Arbeidsoppgaver

Som resepsjonist tek du imot individ, grupper, familiar og industripartnarar frå heile verda. Du vil formidle informasjon om Norsk Natursenter og våre tilbod, samt moglegheiter i Hardangerregionen. Det er din oppgåve, ilag med teamet, å sørge for at gjestane føler seg velkomne, ivaretatt, og informert. Oppgåvene varierer, og hjå oss er ingen dagar like!

Vi kan tilby deg

· Gode lønns- og arbeidsvilkår

· Varierte arbeidsoppgåver på ein spennande arbeidsplass i eit viktig turist-distrikt

· Hjelp med bustad

Kvalifikasjonskrav

· Gode språkkunnskapar (krav om engelsk og skandinavisk, gjerne også tysk)

· Du er vant til å bruke pc og har god datakunnskap

· Du har gjerne erfaring frå service, sal og formidling

Høyrast dette interessant ut - send oss din søknad og CV med bilde merka med resepsjonist og skriv nokon ord om deg sjølv. Opplys mogleg start og slutt dato i søknaden.

Send søknad→